Hopp til hovedinnhold

Eidsvoll Bygdekvinnelag har stoppa sokkar og reparert kle saman med skuleelevar.

Å bygge dyrkekasse er eit fint familieprosjekt.

Bygging av plantekasser som ein del av dyrk sjølv aktivitet. Eit resultat av eit godt samarbeid mellom Hedmark Bygdekvinnelag og Geitmyra Ringsaker.

Målselv Bygdekvinnelag inviterte til dyrk sjølv.

Vang Bygdekvinnelag syr og redesignar.

Gjennomgang av oppskrift på såpe med Ål Bygdekvinnelag. Foto: Tone Idunn Kjerland Anthun.

Lekre såper til å ta med heim etter kurs hjå Ål Bygdekvinnelag. Foto: Tone Idunn Kjerland Anthun.

Søk støtte til lokale aktivitetar

I Nøysom skal vi invitere barn, unge og vaksne til møteplassar, der vi får praktisk kunnskap, som gjer det kjekkare og lettare og ta fleire miljøvenlege val i kvardagen. Har ditt lag lyst til å delta med aktivitetar i Nøysom?

Fyll ut og send inn søknadsskjema for å delta i Nøysom!

Alle lokallag og distriktslag i Norges Bygdekvinnelag kan søke om støtte for å delta i Nøysom. Målgruppa for prosjektet er barn, unge og vaksne. Laga kan søke om eitt kurs innanfor kvart tema i løpet av prosjektperioden. Pengestøtta er på kroner 7000,- per kurs.

Nøysom sine tema: 
1) Matsvinn
2) Dyrk sjølv
3) Miljøvenleg og kjemikaliefri heim
4) Kva er det lurt å kunne lage og reparere sjølv

Kriterium for å få økonomisk støtte:

  • Bygdekvinnelaga må sjølv stå for gjennomføring av kurs og aktivitetar. Gjerne saman med andre organisasjonar e.l.
  • Kurs og aktivitetar må vere opne for alle, og alle må involvere anten barn og/eller unge.
  • Kurs og aktivitetar må vere praktiske, og knytt opp til dei fire tema i Nøysam.
  • Dokumentere og levere rapport på gjennomføring til Norges Bygdekvinnelag. 

Praktisk kunnskap som gjev meistring og samhald
Eit mål i Nøysom er å skape møteplassar for barn, unge og vaksne som bidreg til meistring og fellesskap. Vi har stor tru på at det å sitte saman og lære seg praktiske ting saman kan gje meistring og inspirasjon til å lære meir, og ta fleire miljøvenlige val i kvardagen. 

Norges bygdekvinnelag har god erfaring med møteplassar for fleire generasjonar. Å bli kjent med fleire i lokalsamfunnet gjev identitet og tryggleik. For bygdekvinnelaget er det å vere ein inkluderande organisasjon ein av våre kjerneverdiar. Det handlar om at alle er velkomne som medlemmer, men også at vi skal legge ned ein ekstra innsats for å inkludere minoritetskvinner, og andre som kanskje ikkje kjenner bygdekvinnelaget så godt. 

Les om vårt arbeid med mangfald og inkludering her!

Barn og unge som målgruppa
Norges Bygdekvinnelag er så heldige å få støtte frå Sparebankstiftelsen DNB til prosjetet Nøysom. Målgruppa til Sparebankstiftelsen DNB sine tiltak er barn og unge vaksne (unge vaksne er opp til 25 år). Ein kan altså ikkje ha kurs som er berre for vaksne, men ein kan avgrense målgruppa til 14 år og oppover. Bygdekvinnelaget har god erfaring med møteplassar på tvers av generasjonar, og på den måten kan ein skape møteplassar og ein læringsarena både for barn, unge og vaksne. 

For å nå ut til og få tak i barn og unge må ein gjerne ta direkte kontakt med barn og unge, foreldre, og andre som kjenner målgruppa godt. Mange unge brukat til dømes ikkje Facebook aktivt. I kontakt med målgruppa kan ein sjekke om dei planane ein har diskutert i laget gjev gjenklang hjå dei unge. Då kan justere eller endre planane slik at ein veit at målgruppa vil delta på verkstaden/aktiviteten. 

Ein kan ha kurs for berre vaksne, som handlar om tema innanfor Nøysam. Då kan ein søke om vaksenopplæringsmidlar frå Studieforbundet kultur og tradisjon. Dei har kursplanar som passar. Les meir om Studieforbundet kultur og tradisjon her og, ring dei om de treng bistand!

Samarbeid 
Lokallaga kan gjerne samarbeid med organisasjonar, privatpersonar og andre lokale aktørar. Samarbeid kan gje ny giv og spennande aktivitetar til glede for både laget og deltakarane. Tenk gjerne på kven som kan vere nye og spennade samarbeidspartnarar for dykk, og ha gjerne ulike samarbeidspartnarar i gjennomføringa av dei ulike aktivitetane. Norges Bygdekvinnelag har oppretta samarbeid med Husflidslaget, Økologisk Norge og Matvalget. Desse kan vere aktuelle for mange lokallag å samarbeide med, i tillegg til at det er mange andre lokale samarbeidspartnarar ein kan velje å jobbe saman med. 

Norges Husflidslag formidlar tradisjonshandverk, kunnskap og skaparglede, og har meir enn 350 lokale husflidslag over heile landet. Norges Husflidslag si satsing Haldbart handlar om å ta vare på tinga dine med kunnskap om materialer og tradisjonshandverk, og skal synleggjere samanhengen mellom husflid og berekraft. Med prosjekt som Fikselaug og Alt kan fikses! er dei lokale husflidslaga aktuelle samarbeidspartnarar for bygdekvinnelag som deltek i Nøysom.

Økologisk Norge er Norges største ideelle organisasjon for både deg som dyrkar og et økologisk. Økologisk Norge har mange prosjekt, og med prosjektet Dyrk framtida i skolehagen! etablerar dei kvart år nye skulehagar i samarbeid med skulane. 

Matvalget er ei rettleiingsteneste for offentlige og private virksomheter som vil lage bærekraftige måltider til andre. Matvalget har ikkje lokallag, men dei har mykje kunnskap om kva som Norges Bygdekvinnelag kan nytte for å kunne dele enno fleire gode tips og råd om berekraft og matsvinn. 

Bygdekvinnelag som er med i Nøysom:

  • Vestre Toten Bygdekvinnelag
  • Eidsvoll Bygdekvinnelag
  • Dalsbygda Bygdekvinnelag
  • Fyresdal Bygdekvinnelag
  • Hedmark Bygdekvinnelag
  • Lesja Bygdekvinnelag
  • Spydeberg Bygdekvinnelag
  • Uvdal Bygdekvinnelag
  • Vassås og Hof Bygdekvinnelag
  • Aremark Bygdekvinnelag
  • Buskerud Bygdekvinnelag
  • Tysvær Bygdekvinnelag
  • Time Bygdekvinnelag
  • Grue Bygdekvinnelag
  • Siljan  Bygdekvinnelag
  • Stord Bygdekvinnelag
  • Målselv Bygdekvinnelag
  • Sværefjorden Bygdekvinnelag
  • Stjørdal Bygdekvinnelag
  • Øverdalen Bygdekvinnelag
  • Aurskog-Høland Bygdekvinnelag
  • Alvdal Bygdekvinnelag
  • Øyer Bygdekvinnelag
  • Sognedalen Bygdekvinnelag
  • Sand Bygdekvinnelag
  • Ål Bygdekvinnelag
  • Børsa og Viggja Bygdekvinnelag
  • Østre Toten Bygdekvinnelag
  • Fuglesetfjorden Bygdekvinnelag
  • Tjølling Bygdekvinnelag
  • Lote Bygdekvinnelag
  • Rollag Bygdekvinnelag
  • Hovet Bygdekvinnelag
  • Nordre Land Bygdekvinnelag
  • Kjeldebotn Bygdekvinnelag
  • Agdenes Bygdekvinnelag
  • Skatval Bygdekvinnelag
  • Vassenden Bygdekvinnelag
  • Os Bygdekvinnelag
  • Hof Vestre Bygdekvinnelag
  • Ramnes Bygdekvinnelag
  • Erfjord Bygdekvinnelag
  • Loen og Rake Bygdekvinnelag
  • Rendalen Bygdekvinnelag
  • Vestby Bygdekvinnelag
  • Gossen Bygdekvinnelag
  • Vang Bygdekvinnelag
  • Kvæfjord Bygdekvinnelag
  • Berg Bygdekvinnelag
  • Namdalseid Bygdekvinnelag
  • Rolvsøy Bygdekvinnelag
  • Skjeberg Bygdekvinnelag
  • Øst-Modum Bygdekvinnelag
  • Østre Udnes Bygdekvinnelag
  • Biri Bygdekvinnelag
  • Torpedal Asak Bygdekvinnelag 
  • Nes og Helgøya Bygdekvinnelag 
  • Ski Bygdekvinnelag 
  • Sandsvær Bygdekvinnelag 
  • Eidsbygda Bygdekvinnelag 
  • Skjelstadmark Bygdekvinnelag 
  • Nedre Eiker Bygdekvinnelag 
  • Nore Bygdekvinnelag 
  • Brøttum Bygdekvinnelag 
  • Asker Bygdekvinnelag
  • Innvik Bygdekvinnelag 
  • Frogn Bygdekvinnelag 
  • Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag 
  • Soknedalen Bygdekvinnelag 
  • Eidskog Bygdekvinnelag
  • Sogndal Bygdekvinnelag 
  • Lesjaskog Bygdekvinnelag 
  • Rakkestad Bygdekvinnelag 
  • Ål Bygdekvinnelag 
  • Sør-Trøndelag Bygdekvinnelag 
  • Ås Bygdekvinnelag 
  • Skjeberg Bygdekvinnelag 
  • Lærdal Bygdekvinnelag 
  • Fitjar Bygdekvinnelag 
  • Halsa Bygdekvinnelag 
  • Nordre Modum Bygdekvinnelag 
  • Borgund Bygdekvinnelag 
  • Heddal Bygdekvinnelag 
  • Holla Bygdekvinnelag 
  • Hodalen Bygdekvinnelag 
  • Hyen Bygdekvinnelag 
  • Ytre Rana Bygdekvinnelag 
  • Solum Bygdekvinnelag 
  • Tylldalen Bygdekvinnelag 
  • Skiptvet Bygdekvinnelag 
  • Øyer Bygdekvinnelag 
  • Sørum Bygdekvinnelag 
  • Lånke Bygdekvinnelag 
  • Kråkstad Bygdekvinnelag
  • Kjølsdalen Bygdekvinnelag 
  • Steigen Bygdekvinnelag 
  • Vetlefjorden Bygdekvinnelag 
  • Furnes Bygdekvinnelag 
  • Lardal Bygdekvinnelag 
  • Troms Bygdekvinnelag 
  • Ulvik Bygdekvinnelag 
  • Råde Bygdekvinnelag 
  • Nord Rana Bygdekvinnelag 
  • Kinsarvik Bygdekvinnelag 
  • Grytten Bygdekvinnelag 
  • Sognedalen Bygdekvinnelag 
  • Idd og Enningdalen
  • Vivestad Bygdekvinnelag 
  • Vingelen Bygdekvinnelag 
  • Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag 
  • Vang Bygdekvinnelag 
  • Viksdalen Bygdekvinnelag 

 

Målgruppa for aktivitetane er barn, unge og vaksne. Alle verkstader, kurs og aktivitetar ein søkjer om Nøysom-midlar til må involvere anten barn eller unge, gjerne i kombinasjon med vaksne. 

Kriterium for å få økonomisk støtte:

  • Bygdekvinnelaga må sjølv stå for gjennomføring av kurs og aktivitetar. Gjerne saman med andre organisasjonar e.l.
  • Kurs og aktivitetar må vere opne for alle. 
  • Kurs og aktivitetar må vere praktiske, og knytt opp til dei fire tema i Nøysam.
  • Lag som deltek må dokumentere og levere rapport på gjennomføring til Norges Bygdekvinnelag. 

Tema for kurs i lokallaga: 
1) Matsvinn
2) Dyrk sjølv
3) Miljøvenleg og kjemikaliefri heim
4) Kva er det lurt å kunne lage og reparere sjølv

Laga kan søke om eitt kurs innanfor kvart tema i løpet av prosjektperioden. Pengestøtta er på kroner 7000,- per kurs.

Eksempel:
Eit bygdekvinnelag kan søkje om 28 000,- til gjennomføring av ei Nøysam kursrekke med dei fire ulike tema. Eit anna bygdekvinnelag kan søke støtte til berre eit kurs. Om laget som har gjennomført eitt kurs ser at dei har lyst til å ha fleire Nøysam-kurs innanfor dei andre tema, kan dei søke om det. 

*Merk dykk at ein berre kan få midlar til eit kurs innanfor kvart tema. Ein kan td. ikkje søke om fleire kurs som handlar om matsvinn.