foto: Aud-Marit Netteland
foto: Aud-Marit Netteland
Ernæringsfysiolog Silje Hauge fordel om fordelar med bygg   foto: Aud-Marit Netteland
Ernæringsfysiolog Silje Hauge fortel om fordelar med bygg foto: Aud-Marit Netteland
ulike rettar med bygg   foto: Liv Spilde
ulike rettar med bygg foto: Liv Spilde
foto: Liv Spilde
foto: Liv Spilde
foto: Aud-Marit Netteland
foto: Aud-Marit Netteland
loddsal   foto: Liv Spilde
loddsal foto: Liv Spilde
vassgraut- kvardagsrett frå gamalt av  foto: Aud-Marit Netteland
Vassgraut - gamal rett frå gamalt av foto: Aud-Marit Netteland
Byggrynskrem   foto: Liv Spilde
Byggrynskrem foto: Liv Spilde

Bygg til kvardag og fest

Voss og Bjørgum Bygdekvinnelag inviterte til marsmøte med bygg på menyen.

Bygg er den nye råvareaksjonen til Bygdekvinnelaget. Me i Bjørgum Bygdekvinnelag er opptekne av kor sundt og godt det er med bygg. Me har difor slege oss i lag med Voss Bygdekvinnelag for å laga ein kveld med bygg som tema.Tysdag 19.mars var 60 damer frå ulike stader på Voss samla til bygg-kveld i Solheim Ungdomshus på Bjørgum. I forkant av møtet hadde mange av oss handla inn til ulike byggrettar. Me baka og kokte, laga salat og byggotto, rundstykker og brød, kaker, graut og mykje annar godt. Me trur nok mange undra seg over og vart begeistra for utvalet på koldboret den kvelden. Ernæringsfysiolog Silje hauge kom og fortalde om alle helsefordelane det er med å eta bygg. Bygg er bra for blodsukkeret og kolesterolet. Det er ein dryg kornsort med langsom energi, som gjer at ein held seg lenger mett og får eit jamt blodsukker. Silje kunne fortelja at bygg fungerar som ein feiekost gjennom tarmen. I tillegg er bygg den kornsorten som tålar best klimaendringane me står over for. Bygg har kort veksttid, er hardført og gjev frå seg låge klimautslepp. Å eta bygg er rett og slett bra for helsa og bra for miljøet. Etter å ha høyrdt om alle fordelane med bygg, var me no klare for å smaka på alle bygg-rettane. Me kunne velgja mellom søt og salt mat, og alt smaka lika godt. Loddsal fekk me og tid. Det var fine premiar, så åresalet gjekk unna, og det var mange som reiste heim att denne kvelden med fine gevinstar. Ein stor takk til Voss Bygdekvinnelag som var med og laga til eit triveleg og lærerikt møte.

Råvareaksjonen 2019 - Bygg

Norges Bygdekvinnelag sin råvareaksjon for 2019 har bygg som fokus. Me ynskjer å fremma byggkorn som råvare og ha eit jevnt fokus på bygg gjennom året.

Bli medlem