Nøysam - unngå matsvinn
Onsdag 12. mars inviterte Hjelmeland Bygdekvinnelag i samarbeid med 4H til ein lærerik kveld om matsvinn.
Bygdekvinnelaget har kjørt Nøysam prøsjektet: Med prosjektet Nøysom vil lokale Bygdekvinnelag skape møteplassar for barn, unge og vaksne der dei får praktisk kunnskap som gjer det lettare å ta miljøvenlege og berekraftige val i kvardagen.
(du kan lese meir om prosjektet her: https://bygdekvinnelaget.no/noysom).
Det var ca 25 som dukka opp for å høyre på kokken Silje Katrin Lunde frå Østerhus, Erfjord. Silje har jobba mange år på Kulp på Sand, og ho tok oss med på eit eventyr. Alt høyrest så lett ut: ho laga sauser av dei grønsakene som ligger i kjøleskapet, løkpulver av løkskallet, og slik fekk vi ein heile haug med tips om korleis ein kan bruke det som ein ellers kanskje ville kastet. Her var det mange gode tips å henta.
Det blei nokre smaksprøver og så klart måtte vi ha nokre kaker på lur.