Inspirert?
Du har nok fått det med deg, men 7.-9. november arrangerte Noregs bygdekvinnelag inspirasjonsseminar på Lillehammer.
Vart me inspirerte? Det skulle ein del til for ikkje å bli det. Det var tettpakka dagar frå me vart ynskte velkomne av Anne Irene Myhr kl. 17.00 på fredag til me vende nasen heimover etter dugurd på sundag.
Det kan vera me må minnast på at Noreg er fint, og det klarte Safari Shabani. Latteren sat like laust under musikkføredraget til Karoline Amb, og stemninga halde seg gjennom heile middagen.
Laurdag var me først i Amerika gjennom Amerikabrev frå slutten av 1800-talet, før me hoppa til situasjonen i dag ved Lars Os. "Ingen grunn til panikk... enda!" Litt meir heimleg vart det då Ylva og Emil levande fortalde historia om Vossebia, og mange vart inspirerte til å stå i kjøpekø etterpå. Det er ikkje berre oss sjølv me vil ta vare på på naturleg vis, så innhaldet i vaskebøtta er viktig. Berre spør Csoaps og Caroline Heyerdahl! Me kvinner må òg tenkja på vår eiga framtid, og fekk fleire tips av Lise Vermelid og hennar pengesnakk.
Dagen var langt frå over, og det var tid for ulike utflukter, anten det var ute i skogen, på lefsebaking eller på besøk på Bjerkebæk eller Ment porselensfabrikk. Det forsvann nok nokre pengar frå kontoen på sistnemnde stad, for der freista litt av kvart.
Travelt vart det, men alle fekk pynta seg til festkvelden, og nokre hamna i heisen saman med Edvard Hoem før konserten med han og dottera Ine. Resten av kvelden vart det mykje rødl, mat, drikke og utveksling av inspirerande idear.
Noreg og bygdekvinnelaget har fokus på beredskap og praktisk matkunnskap, noko tidlegare politikar Ragnhild Male Hartviksen tek på alvor. "Dette har jeg lært av mormor", og eg kan gjerne læra det vidare! Beredskap er kulturarv, noko Annechen Bahr Bugge har sett gjennom arbeidet med norsk seterkultur. Det er om lag tusen setrar att i dag, og dei "tar vare på smaken av norsk mathistorie". I dag er gamle teknikkar ein del av trenden. Ulike minne og gamle teknikkar kan me høyra i kjøkkenprat i Museumspodden, så ein kan berre la seg inspirera.
Ei kjekk og innhaldsrik helg er over, og nå gjeld det å få inspirert lokallaga vidare gjennom aktivitetane utover vinteren.