Prosjekt
Bygdekvinner deler matglede 2019-2022 og Bygdekvinner nyt(t)er maten 2023
Prosjekt 2023: Bygdekvinner nyt(t)er maten
Styringsgruppe i BNM:
Astrid Lund Folkvord
E-post: tfolkvor@online.no
Tlf: 90036853
Gro Mabel Anda
E-post: Gromabel.anda62@gmail.com
Tlf: 992 77 051
Marianne Jøsang
E-post: marianne.m.josang@gmail.com
Tlf: 915 55 408
Heidi Netland Berge:
E-post: heidinetlandberge@ymail.com
Lenke til arrangement i lokallag:
Sandnes bygdekvinnelag: Såing og planting i pallekarmer og beskjæring av bærbusker og frukttre
Hjelmeland bygdekvinnelag:https://bygdekvinnelaget.no/lokallag/hjelmeland-bygdekvinnelag/nyheter/…
Innlegg i Dag og Tid 4.8.23. Bjerkreim bygdekvinnelag: Kompelukke
- sjå vedlegg under
Prosjekt 2019-2022: Bygdekvinner deler matglede
https://bygdekvinnelaget.no/lokallag/sandnes-bygdekvinnelag/nyheter/fra…
Mål: Fremje matkunnskap, matglede og matkultur i matfylket Rogaland
Prosjektet Bygdekvinner deler matglede starta i 2019. Dette kunne gjennomførast ved hjelp av Gjensidigestiftelsen som ga kr. 1.221.995. Ut av 29 lokallag i Rogaland blei ni (9) lokallag med. Dette er Lund -, Bjerkreim -, Varhaug -, Sandnes -, Sola -, Tysvær -, Imsland -, Vats - og Skjold bygdekvinnelag. Dessutan blei Rogaland bygdeungdomslag med. Dette utgjorde 10 delprosjekt når ein reknar med Rogaland bygdekvinnelag som har det overordna ansvaret.
Prosjektarbeid er tidkrevande og det har vore mykje arbeid for dei laga som har vore med i tre år, men det var samstundes utviklande, samlande og lærerikt. Prosjektet har styrka samarbeidet internt i eigen organisasjon, vektlagt samarbeidet med andre gode krefter lokalt for å fremja matglede og matkunnskap i heile fylket.
Prosjektet har vore ein suksess. Alle laga fullførte. Dei har fått masse nye kunnskaper innanfor drift av prosjekt og det har vore eit godt samarbeid med Gjensidigestiftelsen. Tillitsvalde og administrasjonen i Gjensidige har gitt god støtte og stilt opp både digitalt og fysisk på møter. Dei kom med god råd og veiledning undervegs. Dei viste god forståing for korleis frivillige lag arbeider og ga oss bedre tid på prosjektet på grunn av pandemien.
Kjøkkenhage/Sandnes bygdekvinnelag
Imsland -, Skjold -, Tysvær - og Vats bygdekvinnelag